Om Frisklivssentralen Høyanger

Frisklivssentralen i Høyanger er ei helsefremmande og førebyggjande kommunal helseteneste. Tenesta er for deg som ønskjer støtte til å endra levevanar for betre helse, og meistre helseutfordringar for ein betre kvardag.

Kven kan få tilbod? 

  • Vaksne som har behov for støtte til å endra levevanar for betre helse og meistre helseutfordringar
  • Vaksne som har auka risiko for, er i ferd med å utvikla, eller har utvikla sjukdom som følgje av levevanar.
  • Vaksne med samansette og langvarige helseutfordringar, kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
  • Du som ønskjer å slutta å røyke eller snuse
  • Pårørande kan delta på kurs saman med deltakar eller på eigenhand
  • Tilboda er for deg som er busett i Høyanger kommune
     

Tilboda er gruppebasert og ein må kunne sjå nytte av å dela erfaringar og læra av andre. Kursa er dialogbaserte og går føre seg på norsk. Det er difor ein fordel om deltakarar forstår, og snakkar noko norsk. Bruk av tolk kan vurderast ved behov. 

For framandspråklege kan eigne gruppebaserte temasamlingar/kurs vere aktuelt.
Kontakt oss ved spørsmål om dette: frisklivssentralen@hoyanger.kommune.no 

Kva kan du få hjelp til? 

  • Livsstilsendring
  • Betre kosthald og matvanar
  • Fysisk aktivitet
  • Utfordringar med søvn
  • Snus- og røykeslutt
  • Meistring av helseutfordringar og kroniske plager
  • Aktiv mot kreft
     

Her finn du oversikt over kurstilbod og treningstilbod

Deltaking på kurs og treningsgrupper

For påmelding eller spørsmål kan du ta kontakt med Frisklivssentralen på e-post Frisklivssentralen@hoyanger..kommune.no eller på telefon 96 94 47 58. 
Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post.

Fastlege, nav, fysikalsk, helsestasjon o.l. kan óg tilvisa til oss ved å fylla ut Frisklivsresept.

Frisklivssentralen Høyanger er ei kommunal helseteneste, og det vil bli ført journal i tråd med helsepersonellova om deltaking hos oss. Det blir gitt tilbakemelding til fastlege etter deltaking på kurs og treningstilbod hos Frisklivssentralen Høyanger.

Gruppetilboda følgjer skuleruta.

Aktivitetskalender her. 

Ta gjerne kontakt ved spørsmål: frisklivssentralen@hoyanger.kommune.no 

Artikkelliste

Cathrine Heggø
Frisklivskoordinator
Telefon 57 71 39 20