Hytte

Det er ei lovpålagt oppgåve for kommunane å samle inn avfall frå fritidseigedomar på lik linje med anna hushaldningsavfall (jf. Ureiningslova § 30). Det betyr at alle kommunane må tilby henting av avfall til dei som har fritidseigedom. Det er Simas som skal sikre at avfallet ikkje dreg på avvege og vert liggande att i naturen. Dei som eig fritidseigedomen er likeins pålagd å betale ei avgift.

For fritidsbustader har ein valt å nytte ei bringteneste der brukarane sjølv må bringe avfallet til næraste felles container. Gebyret for fritidsabonnentar er sett lågare enn for abonnentar som har eigne avfallsbehaldarar.

Randi Norevik
Sekretær drift og vedlikehald
E-post
Telefon 57 71 15 35