Renovasjonsordninga

Høyanger kommune er deleigar i Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap (SIMAS) og er kommunen deltek i denne renovasjonsordninga. SIMAS hentar avfall frå hushaldningane på faste dager.

Henting av hushaldsavfall

Ved henting av hushaldsavfall er Høyanger kommune delt i seks ruter:

  • Rute 101 - Mandagar - Lavikdal, Hellebøen, Mølmesdal, Lavik, Alværa og Rå, Aven Torvund, Norevik, Vika, Rørvik, Vadheim til Vadheimstunellen. 
  • Rute 102 - Tysdagar - Område mellom Vadheimstunnelen og Kvernhaugtunnelen.

Rute 104 - Torsdagar - Høyanger sentrum, bustader på nedsida av hovudvegen. Wilh Bugges veg, Leira, Storgata, Elvegata, Sæbøgata, Strandgata, Bøvegen, Tjørnvegen, Einar Ramslisgate, Fossøyrgata

Rute 106 - Mandagar - Høyanger sørside.

Rute 107 - Tysdagar - Dalevegen, Hjetland, Bekkefaret, Olaibøen, Nicolai Beer veg, Thorborg Valsvik veg, bustadar mellom Høyangertunnelen til Tussviktunnelen.

Rute 110 - Fredagar - Håland, Hjetland, Kvernhaugen og Sandvika.

Merk at det kan vere avvik på desse faste dagane, så sjekk SIMAS sin avfallskalendar.

SIMAS sin avfallskalendar 2024

Kva avfall inngår i henteordninga?

  • plastemballasje
  • papp, papir og kartong
  • matavfall
  • metallemballasje
  • glasemballasje
  • restavfall

Fakturering

Det er SIMAS som krev inn renovasjonsgebyret. Faktura for betaling vert sendt ut to gonger i året. Spørsmål om faktura og anna gjeldande renovsjonsordninga rettast til SIMAS.

Nettside til SIMAS

Randi Norevik
Sekretær drift og vedlikehald
E-post
Telefon 57 71 15 35