Gebyr på kommunale tenester

Her finn du alle prisane for kommunale tenester. Prisane er vedtekne av Høyanger kommunestyre den 08.12.2022. Prisar i samband med vatn og avløp finn du i kapittel 10. Ver merksam på at prisane på vatn og avløp i prislista er utan mva.

Kor mye er kommunale gebyr i Høyanger i 2023?


Døme på pris med mva. pr. år for bustad mellom 80 – 350 m2:

Vatn – kr. 5620,-
Avløp – kr. 5563,-
Brannforebygging, administrasjon kr. 300,-
Enkeltgebyr for utført feiing kr. 950,-
Enkeltgebyr for utført tilsyn kr. 950,-

Dvs at ein kun betalar administrasjonsgebyr dei åra ein ikkje har feiing eller tilsyn.

Alle prisane er inkl. mva.

No kan du sjølv velge mellom følgande:

•    månadleg faktura
•    6 fakturaer i året med forfall februar, april, juni, august, oktober og desember
•    to fakturaer i året med forfall april og oktober

Om du ikkje gjer noko vil du som før få to fakturaer i året, med forfall i april og oktober. Endringa vil bli registrert i systemet fortløpande, men det vil variere når det nye fakturaintervallet vil tre i kraft: 

 

Slik endrar du:

Du kan endre sjølv ved å fylle ut påmeldingsskjema, eller du kontaktar kommunen
på telefon 57 71 15 35 eller e-post postmottak@hoyanger.kommune.no 

påmeldingsskjema

Viktig informasjon ved månadlege faktura

  • Eigedomsskatten skal skrivast ut før 1. mars. Eventuelle nytakseringar eller endringar, vil ikkje komme med før faktura for mars.
  • For abonnentar med vassmålar, vil fakturaen for januar og februar berre innehalde faste avgifter. Etter avlesen vassmålar, vert det berekna riktig avgift etter forbruk som vert med frå mars av. Det betyr at fakturaen i mars har vassmålar oppgjer for 2022, i tillegg til akonto (forskotsbetaling av forventa forbruk av vatn/kloakk i 2023) for januar, februar og mars. 
  • Avgiftene vert fordel ut over dei faktura som står att i kalenderåret.
  • Når du har gjort avtale om månadlege fakturering, er det ikkje nødvendig å fornye denne. Avtalen går til den vert sagt opp. 
  • Ved overdraging av eigedom vert det brukt standard fakturaintervall, 2 gonger i året.

Sjå prisliste for oversikt over fleire prisar.

Prisliste 2023 (PDF, 283 kB)

Randi Norevik
Sekretær drift og vedlikehald
E-post
Telefon 57 71 15 35