Drikkeforbod – Kyrkjebø vassverk

Høyanger kommune har inntil vidare innført drikkeforbod for vatn frå Kyrkjebø vassverk. 
Høyanger kommune har 18.06.2026 motteke ei vurdering frå Folkehelseinstituttet (FHI) av mulig helsefare ved å drikke vatn med innhald av aluminium. Kommuneoverlegen har basert på dette beslutta om å innføre drikkeforbod for vatn frå Kyrkjebø vassverk. Dette inneber at vatnet ikkje skal drikkast eller nyttast til matlaging, men kan nyttast til alle andre formål.

bilete av nokon som skjenker seg eit glas med vatn frå springen - Klikk for stort bilete Illustrasjon av Høyanger kommune

I følge FHI si vurdering kan aluminiumsnivåa som er målt i drikkevatnet medføre helseskadelege effektar. Vurderinga framhevar at barn, og særleg små barn, er den mest sårbare gruppa ved eksponering for dei påviste aluminiumsnivåa.

FHI opplyser videre at dei har undersøkt moglege konsekvensar av den langvarige eksponeringa, og at denne kan føre til skadar på nervesystemet som kan vere irreversible. 

Kommuneoverlegen tilrår at det framover vert gjennomført hyppige vassprøver for å overvåke utviklinga, og at aluminiumsnivåa i lufta vert målte regelmessig både på Kyrkjebø og i Høyanger. Kommuneoverlegen tilrår òg at alle barn i relevant alder som har drukke vatn frå Kyrkjebø vassverk i perioden frå 2021 og fram til i dag, vert følgde opp med regelmessige helsekontrollar i åra som kjem. Dette for å avdekke eventuelle seinverknader av eksponeringa.

 

Utplassering av container med vatn

Det vil umiddelbart bli lagt til rette for utplassering av conteinerar med drikkevatn ved Joker-butikken og Kyrkjebø sjukeheim. Kommunen har avtale med omsorgsgruppa til sanitetsforeningane i Høyanger, som kan hjelpe til med å hente og køyre ut vatn. Kontakt:
- Asbjørg Fagerli mobil 402 04 613
- Aud Kjersti Haugen 922 25 619
- Helga Dåvøy mobil 905 06 819
 

Folkemøte

Det blir folkemøte onsdag 24.06.2026 frå kl 18:00 til kl 20:00 på Kyrkjebø skule. 
Spørsmål rundt situasjonen kan sendast postmottak@hoyanger.kommune.no, desse blir svara ut på folkemøtet.

Petter Sortland
Ordførar
E-post
Telefon 57 71 15 52
Mobil 91 16 45 46
Arnvid Hovland
Personalsjef og ass. kommunedirektør
E-post
Telefon 57 71 15 15
Mobil 99 20 64 57