Pressemelding - Kyrkjebø vassverk
Vi har følgande pressemelding, datert 22.06.2026:
Illustrasjon av Høyanger kommune
Høyanger kommune har no gjennomgått vassprøvar av aluminiumsnivået i vatnet ved Kyrkjebø vassverk tilbake til 2004. I perioden 2011 til 2026 viser vassprøvane for høge gjennomsnittsverdiar. Det er og enkeltprøvar med for høge verdiar i perioden 2006-2011, og for året 2006 er gjennomsnittsverdien for høg.
Høyanger kommune vil innhente ekstern kompetanse for å sortere alle tilgjengelege analysedata for heile perioden. I denne samanhengen vil ein og gå igjennom data frå dei andre vassverka i kommunen.
Resultata frå vassprøvane er oversendt FHI, som tilrår å gjennomføre helsekontrollar for å avdekke eventuelle nevrologiske utfall hjå barn som har drukke vatnet på Kyrkjebø.
FHI seier vidare at den mest sårbare gruppa er barn i alderen 0–3 år, som har vore eksponert for vatnet over tid. Alle barn som har vore fastbuande på Kyrkjebø i perioden frå 2021 og fram til i dag, og som i denne perioden var mellom 0 og 3 år gamle, vert innkalla til helseundersøking til hausten og ny kontroll neste vår.
Barn over 3 år med symptom vil bli følgt opp med helseundersøking.
Høyanger kommune vil informere innbyggjarane fortløpande når meir informasjon ligg føre.
Publisert 22.06.2026 10.24
Sist endra 16.09.2026 14.38