Brøyting

Kommunen har ansvar for det kommunale vegnettet med tilhøyrande gang- og sykkelvegar. Vegane skal vere opne for trafikk til ei kvar tid, men standarden kan variere i døgnet, då kommunen ikkje har nattbrøyting.

Meld i frå

Meldingar til Høyanger kommune går til teknisk vakt på mobil 992 19 401.

Brøyting på kommunale vegar startar når det er ca. 10 cm snø i vegbana. Kommunen er delt i mange brøyteroder, der snøryddinga er delt mellom kommunen og nokre private som er innleigd av kommunen. 

Sandstrøing vert utført etter behov. 

 

Strøsand

Høyanger kommune vil også i vinter førebyggje ulykker blant eldre med å dele ut gratis strøsand. Målgruppa er dei som er 67 år eller eldre, men uføre vil også kunne bli omfatta av denne ordninga (særskilt vurdering i kvart tilfelle).

Strøsanden må hentast ved utestasjonen i Høyanger (ta med bøtte). I særskilte tilfelle kan Høyanger kommune levere bøtte med sand direkte på døra til folk som ikkje er i stand til å hente sjølv. Dette må i tilfelle avklarast med Helse og omsorg.

Eldre og uføre i Lavik og Vadheim kan hente sand ved utestasjonen i Vadheim, ta evt. kontakt med utestasjonen.

 

Snø i innkøyrsle

Brøytekanten som naturleg vert når brøytebil passerar din eigedom, vert ikkje rydda vekk av kommunen. Snø i innkjørsla/ tilkomst må eigar av eigedomen sjølv fjerne, jamfør veglova.

Geir Øyvind Hovlandsdal
Driftsleiar Utestasjon
E-post
Telefon 57 71 15 95
Mobil 99 40 39 62