Leige av torgplass - Bytorget i Høyanger sentrum

Bytorget i Høyanger ligg framfor den unike Byporten i Høyanger, og er eit naturleg samlingspunkt i Høyanger sentrum. På torget finn du arbeidarmonumentet – skulpturen «Han, hun og vann» av Kristian Blystad som vart sett opp i samband med opninga. Bytorget er tusenårsstaden i Høyanger kommune.

Torgavgift og leige av torgplass

Avgift for torgsal på Bytorget er 500,- pr. døgn. Det er tilgang til straum på torget. 
Kommunedirektøren har fullmakt til, ved serskilde høve, å gi dispensasjon frå kravet om avgift.
Ønsker du utsal eller andre aktivitetar på torget, send førespurnad til biblioteksjefen. For straum og andre tekniske spørsmål kontakt vaktmeister. Kontaktinformasjon finn du nedst i artikkelen. 

Kart

Under kan du sjå eit kart over torgplassen i Høyanger som viser straumuttak og plassering. Straumuttak finst langs veggen ved Byporten og ved Kiwi.

   

Tore Haugland
Vaktmeister
E-post
Mobil 99 21 94 17
Hege Ølmheim
Biblioteksjef
E-post
Telefon 57 71 15 91