Tufteparken

Parken er 380 kvadratmeter, og inneheld 10 apparat i stål laga slik at ein trenar med si eiga kroppsvekt. Ei oppslagstavle viser ulike øvingar ein kan gjere i dei enkelte apparata, einkombinere både styrke, koordinasjon og balansetrening.
Det er Lasse Tufte som er grunnleggar av konseptet Tufteparken, og det er no over to hundre slike parkar rundt om i landet. Det er Høyanger kommune som står som utbyggjar av parken. I tillegg til kommunal løyving, vert parken finansiert gjennom spelemiddelordninga og tilskot på kr 250 000 frå Sparebankstiftinga.

Praktisk info om Tufteparken