Høyanger Industristadmuseum

Planlegg besøket ditt

Høyanger Industristadmuseum heldt til i Byporten midt i sentrum av Høyanger. Her finner du hovudbibliotek, Gunnar S. Galleriet og turistkontor.

Museet vart offisielt opna 21/6-1997 av Einar Førde. 1.etg viser korleis Høyanger gjekk frå å vere ei jordbruksbygd tidleg på 1900-talet, til på få år å verte ein travel industristad. Her ser ein korleis industrien har utvikla seg fram mot våre dagar (1990-talet). I 1.etg vert det også vist film.
Museet sin 2.etg tek føre seg samfunnsutviklinga, med kvardagsliv, butilhøve, kulturliv, krig og fagrørsle.  

Jeanette Wølke Friis Walsvik
Einingsleiar kultur og mangfald
Telefon 57 71 15 71