Tilskot- prosjektmidlar kultur og folkehelse

Målgruppe

Lag og organisasjonar som har gode kultur- og folkehelseprosjekt i Høyanger kommune.

Kriterium

Nyoppstarta prosjekt, einskildarrangement og andre tiltak utanom den ordinære drifta av laget gjennom året vert prioriterte.

Prosjektet må vere ein helsefremjande aktivitet. Prioriteringa vert gjort ut frå type prosjekt, og vi prøver å få til ei god fordeling av midlar i heile kommunen.

Aktivitetar som kjem mange av innbyggjarane til gode vert vektlagde, ikkje berre aktivitetar for dei som allereie er medlemmer i laget som søkjer.

MERK: Det vert ikkje gitt tilskot til ordinær drift av laget.

Nytt av året (vedteke i kommunestyret 18.06.2026)

Lag og organisasjonar må bruke aktivitetskalenderen til kommunen (p.t. Friskus) aktivt. Dette ønskjer vi for å synleggjere dei gode prosjekta i kommunen.

Det vert stilt krav om ein kort sluttrapport med eit enkelt prosjektrekneskap.

Siste godkjende årsmelding og rekneskap må leggjast ved søknaden. 

Gjeldande tildelingskriteria for prosjektmidlar innan kultur og folkehelse.

Handsaming

Utlysning: 17.august 2026

Søknadsfrist: 20.september 2026

Vedtak vert gjort av Utval for samfunn.

Slik søkjer du

Søknadsskjemaet er førebels ikkje tilgjengeleg, men vert lagt ut her når utlysinga opnar 17. august.

Jeanette Wølke Friis Walsvik
Einingsleiar kultur og mangfald
Telefon 57 71 15 71
Kristina Skogly
SLT og Folkehelsekoordinator
Telefon 57 71 15 05