Salsløyve for alkohol

Butikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selge alkohol, må søke om salsløyve. Salsløyvet gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Vanlegvis vert salsløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Når treng du salsløyve?

  • Når du skal skal starte ein butikk med alkoholsal, må du søke om salsløyve.
  • Når du har teke over ein salsstad med alkoholsal, må du søkje om salsløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at søknaden din vert handsama.

Tildelt salsløyve gjeld vanlegvis gjennom gjeldande kommunestyreperiode.

Korleis få salsløyve?

  • Styrar og stadfortredar (varastyrar) må ha bestått kunnskapsprøven i alkohollova
  • Styar og stadfortredar (varastyrar) må vere over 20 år
  • Styrar og stadfortredar (varastyrar) må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • Alkohollova stiller krav om uklanderlig vandel. Krava til vandel i alkohollova.

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart.

Søk om salsløyve

Vedlegg du må ha med i søknaden:

  • firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no
  • skatteattest for driftsselskapet
  • adkomstdokument (leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det blir søkt om).
  • planteikning over utsalsstaden som viser plassering av alkoholen (ølrom)
  • Stadfesting på at styrar og stadfortredar (varastyrar) har bestått kunnskapsprøven på salsløyve om alkohollova.
  • Dokumentasjon på styrar og stadfortredar (varastyrar) sin tilknyting til utsalsstaden.

Kor lang tid tek det?

Det kan opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet for uttale. Deretter blir søknaden handsama politisk i kommunen.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om salsløyve for alkohol.

Prisen for eit salgsløyve blir utrekna på grunnlag av forventa årleg omsatt mengde alkoholholdig drikke. Minstegebyret per år går fram av alkoholforskrifta.

Lov, forskrift og lokale vedtak