Serveringsløyve

Alle som ville drive ein serveringsstad, skal ha serveringsløyve frå kommunen. Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke og lokalet er lagt til rette for å ete på staden.

Når treng du serveringsløyve?

  • Du treng serveringsløyve om du skal starte ein serveringsstad der det skal serverast mat og/eller drikke. Skal du servere alkohol, må du i tillegg ha skjenkeløyve.
  • Har du tatt over ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at søknaden vert handsama. Dette gjeld i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt.

Korleis få serveringsløyve?

  • Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til det selskapet som eig staden.
  • Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Er det eigarskifte, må du søke om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du teikna avtale om overtaking.

Slik søker du om serveringsløyve

Søk om serveringsløyve

Du blir bedt om å laste opp vedlegg. Søknaden blir ikkje handsama før alle naudsynte vedlegg er motteke.

Vedlegg til søknaden

  • stadfesting på bestått etablerarprøve
  • firmaattest
  • skatteattest
  • teikning av lokalet inne og ute

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om serveringsløyve. 

I samband med avlegging av etablererprøve for serveringsløyve, blir det krevd eit gebyr pr. forsøk.

Kor lang tid tek det?

Søknaden om serveringsløyve skal handsamast innan 60 dagar. Kommunen vil innhente vandelsvurdering og uttale frå politiet, jf. serveringslova § 9.

Lover og forskrifter

Serveringslova

Forskrift om etablerarprøve for dagleg leiar av serveringsstad

Retningsliner for sals- og skjenkeløyve (PDF, 965 kB)