OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Folkehelsa i Høyanger

#Trimpoenghoyangerkommune Bianca Ullebø

Ei rekke forhold i samfunnet påverkar folkehelsa, som bustad, utdanning, arbeid og fysiske og sosiale møteplassar. For å nå målet om betre folkehelse, må vi alle bidra, folkehelsearbeidet er samfunnet sin samla innsats for å påverke det som fremjar og held ved like helsa til innbyggjarane.  Saman skapar vi et bærekraftig Høyangersamfunn!
 

God oversikt – ein føresetnad for god folkehelse

Kommunen skal ha oversikt over helsetilstanden til befolkninga, saman med positive og
negative faktorar som kan verke inn på helsetilstanden. God oversikt kan bidra til eit meir
treffsikkert folkehelsearbeid. 

Oppgåva med å ha oversikt over folkehelsa(tilstand og påverkningsfaktorar) inneberer følgjande:

1. Å utarbeide eit oversiktsdokument kvart fjerde år som grunnlag for kommunens planstrategi, kommuneplan og styring. Folkehelseoversiktsdokument for Høyanger kommune 2018- 2022.  (PDF, 2 MB) 

Høyanger kommune er ein del av eit interkommunalt  samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. Kinn er vertskommune. I 2013 starta kommunane i Folkehelseavdelinga arbeidet med å utvikle eit Folkehelseoversikstdokument. Ein ser no behov for ein større revisjon av dokumentet.  I samband med det er fleire kommunar i gamle Sogn og Fjordane med på dette arbeidet. 


2. Å ha løpande oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorar. Hensikta er å sikre eit folkehelsehensyn i perioden mellom planlovgivninga sine fireårsintervallar. Kvart år utarbeider Folkehelseinstituttet ein folkehelseprofil for alle kommunar og fylker i landet, her vert utvalde folkehelsefaktorar presentert. Les meir om folkehelseprofil eller oppvekstprofil for kommuner, bydeler og fylke på folkehelseinstituttet sine nettsider.


FHI folkehelseprofil


Gjennom eit nytt interaktivt verktøy har Vestland fylkeskommune laga ei samla oversikt over resultata i folkehelsebarometeret for alle 43 kommunar i Vestland fylke og for fylka i landet. Dette er eit nyttig verktøy for å raskt å få overblikk over folkehelsesituasjonen i kommunane. I karta viser vi om bydelane, kommunane og fylka skil seg signifikant frå landssnittet, og du kan sjå tala bak og utvikling for kvar kommune/fylke med få tastetrykk


Folkehelsebarometeret

 

Satsingar og pågåande prosjekt
 

Trygge lokalsamfunn

Høyanger kommune er godkjend som "Trygt lokalsamfunn" i WHO (Verdens helseorganisasjon) sitt Safe Community nettverk. Å ha status som "Trygt lokalsamfunn" vil seie at ein skal arbeide målretta og systematisk med å førebyggje skader og ulukker i tråd med 6 "reglar" utarbeidde av WHO.

Høyanger vart sertifisert som Trygt Lokalsamfunn i 2002 og resertifisert i 2010. I 2016 ble Høyanger kommune resertifisert i Trygge lokasamfunn gjennom SKAFOR (Skadeforebyggende Forum), og har inngått ein intensjonsavtale med Trygge Lokalsamfunn. Sertifiseringa er gjennom den norske modellen, som er meir tilpassa det norske miljøet, enn den internasjonale modellen  gjennom WHO.

Trafikktryggleik

- Trafikktryggleiksgruppe
- Tiltaksplan
- Sykkeldag i skulane
- Gratis sykkelhjelm til 5. klassingane i kommunen
- Markering av refleksens dag

                             Tryggleiksveka

Årets program for Tryggleiksveka . Ytre Sogn

Målet med tryggleiksveka er å ha tryggleik og folkehelse i fokus. Veka vert årleg markert i veke 38  med ulike tema kvart år. Same veke som brannvernveka. Det skjer i samarbeid mellom kommune, privat næringsliv og mange frivillige organisasjonar. Torgdag med mellom anna open brannstasjon og stand om ulike tema.  Verdensdagen for psykisk helse blir også markert denne veka. 

Eksempel på tema:

  • Trygg i vatn og båt
  • Trygge aktive barn og unge - tryggleik i samband med fysisk aktivitet
  • Din tur, trygg i naturen
  • Trygg bruk av nettet, mobil og data
  • Førstehjelp
  • Vald i familien, med særleg fokus på vald mot barn  




 


BUA 

Utstyrsbibliotek for sport- og friluftsutstyr. Tiltaket har som mål å redusere dei økonomiske barrierane for deltaking i ulike ferie og fritidsaktivitetar. Alle barn og unge i kommunen skal ha rett til ei meiningsfylt fritid, med tilgang til nødvendig utstyr for å delta i organiserte og uorganiserte fritids- og friluftsaktivitetar.

Les meir om ordninga og sjå opningstider på BUA Høyanger kommune si nettside her.

 

Trimpoeng Høyanger kommune 

Konkurransen går ut på å gå og samle poeng på dei ulike turmåla som er satt opp i kommunen, via app på mobilen.  Det har dei to siste åra vore satt opp  konkurranse frå mai til og med oktober! 
I 2022 var det 444 personar som har lasta ned og brukt appen, og det er gjort heile 22 898 innsjekkingar på ulike turmål. Dvs. at det var 3255 fleire innsjekk i år enn i fjor. Rusleturen rundt Austreimsneset vart det mest besøkte turmålet med 4090 innsjekk, etterfølgt av trollet i naturstien med 3210 innsjekkingar. 
Konkurransen har vore populær og generert mykje god folkehelse! 

Kine Larsen Gunnarskog
Kultur- og folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 451 42 074
Anita Nordheim
Kommunalsjef kultur og folkehelse
E-post
Telefon 57 71 15 71
Mobil 959 22 434
Til toppen