Konsesjon

Skal du overta fast eigedom ved arv, gåve, kjøp eller stifting av bruksrett over 10 år, er overtakinga i utgangspunktet konsesjonspliktig. Det er fleire unntak frå konsesjonsplikta, der du kan levere eigenfråsegn om at du ikkje treng konsesjon. 

Konsesjonsfridom – eigenfråsegn om konsesjonsfridom

Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonfrie. Det betyr at du ikkje treng å søkje om konsesjon når du overtek eigedommen. I staden leverer du eigenfråsegnskjema til Høyanger kommune.

Landbruksdirektoratet sitt skjema for eigenfråsegn om konsesjonsfridom:

Skjema LDIR-360

 

Etter at Høyanger kommune har stadfesta at overdragina av eigedommen er konsesjonsfri, kan du sende skøyte til Statens kartverk for tinglysing. 

 

 

Konsesjon 
 

Dersom overdraginga er konsesjonspliktig, må du søke om konsesjon. Konsesjonspliktige eigedomar er landbrukseigedomar over ein viss storleik.

l dei høve du overtek landbrukseigedom som har lovbestemt buplikt (frå nær familie), men ikkje skal busette deg på eigedomen, må du også søke konsesjon 

Landbruksdirektoratet sitt skjema for konsesjon:

 

Skjema LDIR-359

 

Randi Dale
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 57 71 15 32
Mobil 99 21 93 91