Stimuleringstilskot til kjøp av gardsbruk

Kommunestyre vedtok i møte 15.12.2016 i sak nr. 103/16 følgjande:

Kommunestyret vedtek å innføre ei ordning med stimuleringstilskot til kjøp av gardsbruk på
kr. 200.000. Det vert sett følgjande avgrensingar/vilkår:

  1. Ordninga gjeld for kjøp/ overtaking av landbrukseigedomar større enn 100 dekar totalareal (jord, skog, fjell).
  2. Buplikt:
    Ny eigar må ta bustad på eigedomen innan 1 år etter overtakinga og sjølv bu på eigedomen i minst 5 år etter den tid. Buplikta inneber at eigar sjølv tek eigedomen i bruk som reell bustad (personleg buplikt). Det er såleis ikkje tilstrekkeleg å vere registrert som busett i kommunen, og berre opphalde seg tidvis på garden. Etter særskild vurdering kan det gjevast sjølv om søkjar er busett på eiga tomt i nærleiken av gardsbruket.
  3. Driveplikt:
    Driveplikta inneber at eigar har plikt til å drive eigedomen så lenge ein er eigar. Eigar kan sjølv velje om ein vil drive eigedomen sjølv eller leige den bort i minst 10 år.
  4. Tilskotet vert utbetalt når det føreligg tinglese skøyte på garden.
  5. Ordninga tek til å gjelde frå 01.01.2017 og omfattar såleis kjøp/ overtaking av gardsbruk etter dette tidspunkt.
  6. Tilskotet kan heilt eller delvis krevjast attendebetalt dersom det oppstår tilhøve som er i strid med føresetnadane for utbetalt tilskot.

 

Søknadsskjema til stimuleringstilskot til kjøp av gardsbruk (PDF, 133 kB)