Bustøtte

Slit du med å betale husleiga eller bustadlånet ditt? Har du låg inntekt eller høge buutgifter i tillegg? Då kan du ha rett til bustøtte.

Sjekk om du kan få bustøtte

På Husbanken sine nettsider kan du sjekke om du kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan i tillegg prøve bustøttekalkulatoren. 

Husbanken - om bustøtte

Søknadsfrist

  • Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad.
  • Du får svar innan den 20. neste månad.
  • Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje skjer endringar. 

Slik søker du om bustøtte

Søk elektronisk om bustøtte

Søknadskjema på papir

Du treng desse vedlegga

  • Kopi av husleigekontrakt om du leiger bustad.
  • Kopi av nedbetalingsplan for bustadlån og fellesutgifter om du eig bustaden.
  • Dokumentasjon på inntekt om det ikkje kjem fram på norsk likning eller gjennom A-ordninga.

Straumutgifter, bustadforsikring og likningsopplysningar treng du ikkje dokumentere. 

Treng du hjelp eller har spørsmål?

Ring  57 71 15 00 om du treng hjelp til utfylling av søknad eller har andre spørsmål. 

Kva skjer vidare?

  • Du sender søknaden til kommunen du bur i, men vedtaket og utbetalingane kjem direkte frå Husbanken.
  • Søknader vert behandla fortløpande kvar månad, med vedtak mot slutten av månaden. Innan den 20. neste månad får du beskjed om vedtaket, saman med eventuell utbetaling av støtte. 
  • Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje har skjedd endringar. 
  • Dersom du får avslag på grunn av for høg inntekt, vil søknaden likevel bli overført til neste månad. Dette skjer i 3 månader før søknaden vert sletta på grunn av for høg inntekt.

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtak om bustøtte dersom du meiner at vedtaket er gjort på feil opplysningar. Du har tre veker frist til å klage etter at du mottok vedtaket. 

Du må grunngi klagen din og legge ved eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til  Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger. Ring 57 71 15 00 eller kom innom tenestetorget i kommunen om du treng hjelp til å klage.

Les meir om korleis du kan klage på Husbanken sine nettsider

Lov og forskrift som gjeld bustøtte

Bodil Manseth
Lønskonsulent
E-post
Telefon 57 71 15 22
Ann Kristin Lillehauge
Konsulent stabseining økonomi
E-post
Telefon 57 71 15 27