Startlån til bustad

Dersom du ikkje får lån i private bankar, kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg til å skaffe ein nøktern bustad, eller bli buande i ein slik bustad.

Kven kan søka om startlån 

Har du problem med å koma inn på bustadmarknaden eller med å bli buande i bustaden din? Då kan startlån vera ei aktuell låneordning for deg.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tek imot søknadar og gjer vedtak. Meir informasjon om ordninga: Startlån og tilskudd fra kommunen - Husbanken

Slik søker du

Søknadsskjema til startlån finn du på nettsida til Husbanken

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Sakshandsamingstida kan variere etter avtale med søkar.

Kor mykje kan eg låna?

Inntektene og utgiftene er avgjerande for kor mykje du kan låne. Dette vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån, kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.

Kva får du?

Startlån er i hovudsak eit økonomisk hjelpemiddel til kjøp av bustad.

Startlån kan brukast til å 

  • kjøpe bustad
  • refinansiere lån med pant i eigen bustad
  • kjøpe ut ektefelle
  • tilpasse eller utbetre bustad

Krav til søkar

Startlån kan gjevast til barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne eller andre som bur i ein ueigna bustad og enten vil kjøpe bustad eller utbetre/tilpasse bustaden sin. Føresetnaden er at du må ha vore busett i kommunen i minimum 2 år, før du kan søke. Dersom du har jobb i kommunen og av den grunn treng bustad, kan du komme inn under kriteria for startlån.

Startlån kan og bli gjeve til refinansiering dersom du står i fare for å miste bustaden.

Får du lån til bustad i privat bank, kan du ikkje få startlån. Er du ung i etableringsfasen, eller i ein situasjon der du kan spare, får du heller ikkje startlån. Barnefamiliar som har behov for ein stabil bustad raskt, er unntatt frå kravet om å spare.

Det er ikkje er nødvendig med eigenkapital for å få startlån. Men du må ha tilstrekkeleg inntekt til å dekke utgiftene på startlånet, ved sidan av andre nødvendige utgifter. I nokre tilfelle kan kommunen gje tilskot.

Manglar du BankID eller er verge? På nettsidene til Husbanken kan du sjå korleis du får søkt.

Vanlege årsaker til avslag 

  • Du er ikkje rekna som økonomisk vanskelegstilt. 
  • Du har for usikker/låg inntekt til å betena eit lån.
  • Det er stor risiko for at du ikkje vil kunne betene utgifter på lånet gjennom heile låneperioden.
  • Kommunen har ikkje meir startlånsmidlar i år. Du kan søke igjen neste år.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det er fatta på feil grunnlag.

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vere skriftleg og skal sendast til Høyanger kommune.

 

Har du spørsmål om startlån og tilskot til bustad?

  • Ring oss på 57 71 15 00 eller kom innom tenestetorget  i kommunen om du har spørsmål om startlån. 
Ann Kristin Lillehauge
Konsulent stabseining økonomi
E-post
Telefon 57 71 15 27