OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Tilskot til tilpassing av bustad

Har du behov for å tilpasse bustaden din? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar. Å tilpasse ein bustad vil seie å gjere den eigna slik at du kan halde fram å bu i den, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Du kan søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført til dømes av arkitekt. 

Søk prosjekterings- og utgreiingstilskot

Prosjekteringa skal 

  • gje forslag til tiltak som skal gjere bustaden meir universelt utforma.
  • finne gode løysingar til nøkterne kostnader.

Prosjektering skal kartlegge 

  • moglegheiter og avgrensingar i bustaden
  • uteområde og tilkomst
  • tilgjengelegheit inne
  • arealbehov
  • innreiing og fungerande tilstand

Kommunen må vurdere om du har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen.

Det er opp til kommunen å vurdere kven som skal få og kor mykje.

Om tilpassing av bustad

Det fins låne- og tilskotsordningar som kan gjere det mogleg å finansiere tilpassing av bustaden din. Kommunen kan finne fram til dei ordningane som er aktuelle for deg.

Tilpassinga må vere føremålstenleg, og behovet for tilskot blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon i framtida.

Søknad om prosjektering og utgreiingstilskot

Du kan lese meir om låne- og tislkotsordinga på nettsida til Husbanken

Tverrfagleg gruppe for bustadrådgjeving

For å imøtekoma personar med behov for bistand i bustadtilpassingssaker, har kommunen etablert ei tverrfagleg bustadrådgivingsgruppe.

Medlemmar i bustadrådgjevingsgruppa

  • Stabseining Økonomi 
  • Eining for Fysikalsk medisin og rehabilitering  
  • Eining for Plan og Forvaltning

Gruppa samlast når søknader kjem inn og elles etter behov.

Har du behov for å gjere tilpassingar i bustaden din?

Ta kontakt for spørsmål og rådgjeving straks behovet melder seg. 

Til saman vil den tverrfaglege gruppa ha nok kompetanse og få inn nok opplysningar, til å kunne avgjere innkomne søknader om finansiering av små eller store tilpassingar av din bustad på ein god måte.

Ann Kristin Lillehauge
Konsulent stabseining økonomi
Stabseining økonomi
E-post
Telefon 57 71 15 27
Til toppen