Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er ein detaljert plan som fastset arealbruken i eit område. Den består av kart med føresegner, samt planomtale. Ein reguleringsplan kan omfatte fleire arealbruksføremål. Kva føremål areal kan regulerast til er fastlagt i Plan og bygningslova.

Mange reguleringsplanar blir fremja som ”private planforslag”. Det vil sei at dei blir utarbeida og fremja av privatpersonar som ynskjer å få behandla meir omfattande arealbrukstiltak. Det kan til dømes vere hyttefelt, næringsareal, osv.

Korleis føregår planarbeidet?

Når det skal utarbeidast arelaplan for eit område er det krav i Plan og bygningslova til korleis dette skal føregå.

Profesjonell forslagsstillar

Den som skal utarbeide forslag til ein reguleringsplan må vere fagkyndig. Om det er behov for regulering eller omregulering av din eigedom må du knytte til deg ein profesjonell forslagsstillar.  

Regulativ for handsaming av plansaker

Betalingsregulativet gjeld for plansaker etter Plan og Bygningslova når andre enn kommunen sjølv fremjer slike saker, jf. Plan og Bygningslova paragraf 12-11.

Prisliste 2023 (PDF, 283 kB)

Finne reguleringsplan

Om du vil sjå reguleringsplanar som er i Høyanger kommune finn du dei i digital form via kommunekart. Du finn den slik:

  • Zoom deg inn til området du vil sjå på
  • Trykk på Kartlag oppe til venstre
  • Velg Reguleringsplanar i rullemenyen som kjem fram til venstre i biletet