Innløysing av festetomt

Festetomten har eget festenummer


Innløysing av festetomter (leietomter), der tomten er registrert med et eige festenummer (fnr.) i matrikkelen, føregår ved at heimelshavaren (bortfestaren) søker om frådeling etter plan- og bygningsloven og jordloven.


Skjema for frådeling og rekvisisjon av oppmålingsforretning

Når frådelinga er godkjent, føretar landmålar oppmåling, og tildelar tomta eit nytt bruksnummer.

I nokre tilfelle kor det allereie er godkjent frådeling av tomta vil ein vurdere om det berre er nødvendig med ei ny oppmåling.
Deretter skriv heimelshavar eit skøyte som overfører eigedommen til de tidlegare festarane. Skøytet sendes så til tinglysing samen med en erklæring om opphøyring av feste.

Vilkår ved målebrev frå 2010 eller seinare


Det er krav om at festetomta må tilfredsstille dagens krav til oppmåling før vi kan innløyse festetomta. Om festetomta er oppmålt i 2010 eller seinare der ikkje behov for ny oppmåling for at ein kan tildele tomta eit nytt bruksnummer.  
 

Festetomten har ikkje eige festenummer


Ved frikjøp av festetomter som ikkje har eige festenummer (der festetomta har eit eige gnr./bnr.) er det ikkje naudsynt å foreta frådeling. Då må det skrivast eit skøyte der det i punkt 6 "Særskilte avtalar" i skjema tas inn følgande:

"Underteikana heimelshavar til eigendomsrett og festerett begjærer festekontrakten sletta. Eg erklærar at ei sletting av festekontrakten ikkje vil berøre tredjemanns rettigheiter."

Tomtefesteloven


Om festers rettighet til å krevje frikjøp av festetomt, og regler med meir, sjå Tomtefestelova


Søknad om frådeling følgjer Høyanger kommune sitt gebyrregulativ. Er det naudsynt med ny oppmåling før ein kan innløyse festetomta følgjer gebyr for oppretting av ny grunneigedom. Høyanger kommune følgjer her Sogndal kommune sitt gebyrregulativ, kap.14.4.

Prisliste

Einar Taule Øyehaug
GIS ansvarleg
E-post
Telefon 57 71 15 83