Retting i matrikkelen

Matrikkelen er det offisielle eigedomsregisteret. Du kan krevje å få retta, endra eller tilført opplysningar i matrikkelen, om opplysningane er feil eller ufullstendige eller grunnlaget for registreringa er falt bort. 

Om feilen stammer frå andre registre, som for eksempel grunnboken eller folkeregisteret, skal kravet sendast vidare dit. Opplysningar om grenser som er fastsatt i oppmålingsforretning (eller tilsvarande) kan berre rettast med grunnlag i ny oppmålingsforretning.

Kommunen kan ikkje krevje gebyr for retting i matrikkelen.

Korleis krevje retting i matrikkelen? 

Du set fram krav om retting til kommunen på skjemaet under om retting i matrikkelen. Om rettinga gjeld opplysningar som angår en anna instans, vil kommunen sende kravet vidare dit for avgjerd, eventuelt til uttale.

Skjema for retting (PDF, 2 MB)

Vedlegg

Gjeld kravet retting av grense, skal du legge ved kart og anna dokumentasjon som underbygger kravet.

I Høyanger kommune er det til dømes mange eigedommar som berre er registert med ein sirkelteig. Desse er det mogleg få retta på bakgrunn av dokumentasjon som du sender ved kravet. Dette kan vere ei skulddeling eller gamle kart. 

Ta gjerne kontakt med kommunen om du treng hjelp til å få tak i nødvendig dokumentasjon.

Dersom ein av heimelshavarane er død, kreves dokumentasjon på signaturberettiget. Det betyr at du må legge ved kopi av skifteattest/uskifteattest eller liknande.

Sakshandsaming

Kommunen vil vurdere om det ligg føre ein feil og om du har tilstrekkeleg dokumentasjon for kravet ditt. Kravet til dokumentasjon vil avhenge av kva opplysningar det dreier seg om og korleis opplysningane opphaveleg er henta inn. I nokre tilfelle vil retting i matrikkelen være ei rein administrativ oppgåve utan at det gjerast noko vedtak. Partar som endringa vil ha betydning for, skal underrettast. 

Om kommunen vel å føre kravet om retting i matrikkelen vert det gjort med nøyaktigheit på omlag +/- 2-5 meter. Ønsker du ei meir nøyaktig retting på cm og mm, må dette gjerast ved ei oppmålingsforretning. Dette skuldast kva oppmålingsutstyr ein har tilgjengeleg.

Klage

Om du får avslag på kravet om retting, kan du klage til kommunen innan en frist på tre veker frå du mottar avslaget. Forklar kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du trenge meir rettleiing, kan du sjå nærare på «orientering om klagerett» (skjemaet følger vedtak med klagerett) eller ta kontakt med kommunen. Held kommunen fast på si avgjerd vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland, som avgjer om klagen endeleg.

Einar Taule Øyehaug
GIS ansvarleg
E-post
Telefon 57 71 15 83