SEFRAK

SEFRAK er ei landsomfattande registrering over faste kulturminner som er oppført etter 1537 og før 1900. Forkortinga står for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne i Noreg. Registreringa var eit initiativ fra Riksantikvaren og føregjekk mellom 1975 og 1995.

Formålet med SEFRAK-registeret

SEFRAK-registeret er først og fremst eit generelt kulturhistorisk register som særleg har verdi som kjeldemateriale for den lokale historia. Registeret vert også nytta av forvaltninga  i det kommunale planarbeidet.

Er eit SEFRAK- bygg eit freda bygg?

Kva betyr det eigentlig at huset/ bygget er SEFRAK registrert? Kan huset vere eit kulturminne sjølv om det ikkje er registrert og motsatt, og er huset freda om det er? Bygningane i SEFRAK-registeret er i utgangspunktet ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerar meir som eit varsko om at kommunen bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endre, flytte eller rive bygningen.

Så i motsetnad til kva mange trur så betyr ei SEFRAK-registrering ikkje aleine at huset/ bygget er verna eller freda. 

Ei SEFRAK-registrering avgjør heller ikkje om bygningen er eit kulturminne. Det er fleire bygningar utan SEFRAK-registrering som kan ha ein verneverdi og i høgste grad vere eit kulturminne. Med kulturminne meinast alle spor etter menneskeleg virksomheit i vårt fysiske miljø som lokaliteter det knyttar seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. 

Er mitt hus/ min bygning SEFRAK-registrert?

Du kan klikke på knappen under og sjå ei oversikt i kart over alle SEFRAK-registrerte bygningar i Noreg. Forstørr deg inn til ønska område.

Kart over SEFRAK-registrerte bygningar

Kva betyr dette for meg?

For meldepliktige bygningar (bygningar som er eldre enn 1850), er det lovfesta i §25 i Kulturminnelova at ei vurdering av verneverdien MÅ gjerast før søknad om endring eller rivning kan bli godkjent.

Saksgang for endring på meldepliktig bygning:

  • Eigar må søke kommunen om alle endringar på bygningen.
  • Kommunen sender søknaden til fylkeskommunen som skal uttale seg om søknaden FØR kommunen fatter vedtak.
  • Kommunen skal melde alle endringar på bygninga til fylkeskommunen.

Kommunen kan gi løyve til riving sjølv om kulturminnemyndigheitene i fylkeskommunen tilrår at bygget bør vernast.

 

Bygningar etter 1850 er ikkje omfatta av Kulturminnelova, men kommunen gjer ei vurdering av verneverdien før søknad om endring eller riving kan bli godkjent.

Kjartan Rasdal
Byggesakshandsamar
E-post
Telefon 57 71 15 19