Bål og grilling

Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita. Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov. Det er forbudt å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel. 

Meld i frå på tlf.:  99 21 94 00

Bålforbod 15. april–15. september

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Då aukar faren for skog-, gras- og lyngbrann. Sjølv eit lite kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr i marka rundt og føre til brennspreiing. I Norge er det difor bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. 

Alle plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. 

 

Eingongsgrill

Vi rår til stor aktsemd ved bruk av eingongsgrill, då vi veit at desse har stort potensiale til å starte ein større brann. 

 

Nokre hugsereglar ved bruk av eingongsgrill:

  • Ta med flaske som kan brukast til sløkkevatn om elden spreier seg til terreng.
  • Ikkje bruk eingongsgrill der det ikkje er nær tilgang til vatn.
  • Ta omsyn til skogbrannfare og vind.
  • Drukn gjerne grillen i vatn når grillinga er over, eller bruk godt med vatn for å kjøle den.
  • Ikkje forlat grillen ute i naturen. Kast grillen i søppelspann som er laga for grill og kull, eller vent eit par døgn med å kaste den i søpla slik at du er sikker på at grillen er kald. 

 

Unntak frå totalforbodet

  • Du har lov til å tenne opp bål dersom det heilt openbart ikkje kan byrje å brenne. Det kan vere at det til dømes ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. 
  • Det er lov til å grille på tilrettelagte grill- og bålplassar. 
  • Du kan grille i din eigen hage. 
  • Sameige/burettslag kan ha eigne retningslinjer. 
  • Det er tradisjon å brenne jonsokbål i grendene. Vi krev ikkje at du søker om om å brenne jonsokbål, men vil ha melding om stad, tidspunkt og bålansvarleg.  


Vi rår deg til å melde om kontrollert brenning til brannvesenet i Høyanger kommune. Dette for å hindre unødig bruk av ressursar frå brannvesenet.  All bålbrenning skjer på eige ansvar!

 

Meld i frå om planlagt bålbrenning

 

Forbod i tørkeperiodar blir avgjort av brannsjefen og kunngjort på heimesida til kommunen. 

Kontakt brannvesenet i Høyanger kommune

  • Brannvakt: 99 21 94 00

 

Japanske og kinesiske lykter

Bruk av japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast  med varsemd og brannfaren er stor.

 

Nyttig lenke: Sikker hverdag

Jarle Gjermundstad
Brannsjef og brannførebyggar/feiar
E-post
Mobil 99 21 93 94