Feiing og tilsyn

Tidlegere kom vi på tilsyn minst kvart fjerde år. Ny «Forskrift om brannforebygging» frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov.

Varsel om feiing eller tilsyn

Varsel om feiing eller tilsyn vert sendt ut som tekstmelding eller lapp i postkassa nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, må du avtale nytt tidspunkt med feiaren.
 

Sikker tilkomst

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørge for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørge for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.

Før feiaren kjem skal du:

  • Legge fram stige (for dei med takfeiing)
  • Sikre at stigen ikkje kan skli
  • Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket
  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det)
  • Stenge luker, ventilar og spjeld
  • Hugse å seie i frå til leigebuar
  • Passe på at ikkje noko anna kan vere til hinder for feiinga

Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg.

Tilsyn

Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørge for at samtlege bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).

Tilsynet vil omfatte kontroll av:

  • Eventuelt tidlegare avvik eller merknader er følgt opp og utbetra.
  • Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
  • Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
  • At røykvarslarar, håndslukkeutstyr og rømmingsveg følger regelverket.


Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande.

Spør om ID-kort dersom du er usikker om det er feiaren som kjem på døra. 

Kva kostar det?

Prisar i samband med feiing finn du i kapittel 10.2.

Prisliste 2023 (PDF, 283 kB)

Slik kan du få varsel på SMS

  • gå inn på norge.no på nettlesaren din
  • trykk på det oransje feltet der det står "oppdater kontaktinformasjonen din her"
  • logg inn via ID-porten
  • legg inn opplysningar om adresse dette gjelder og ikkje trykk på reservasjon mot kommunikasjon på nett, da vil du ikkje få SMS

Korleis finne tilstandsrapport etter tilsyn/feiing?

  • logg inn på min.kommune.no
  • logg inn via ID-porten
  • når du har komt inn på nettsida skriv du "tilsyn" i søkefeltet
  • trykk på Min Eiendom (feie og boligtilsyn) (Lillehammer Kommune) (Ja, faktisk!)
  • trykk på eigedommen det gjeld og trykk på "Brannforebygging". Der finn du alle feie -og tilsynsrapportar.
     

Spørsmål

Lover og forskrifter

Jarle Gjermundstad
Brannsjef og brannførebyggar/feiar
E-post
Mobil 99 21 93 94
Linda Heggenes Bru
Brannførebyggar/feiar
E-post
Telefon 57 71 15 49
Mobil 47 01 49 46