Fyrverkeri

Nyttårsafta er det tillatt å skyte opp fyrverkeri klokka 18.00–02.00 utan å søke på førehand. 

Sal av fyrverkeri

Alle utsal for fyrverkeri skal vere godkjent av brannvesenet i Høyanger kommune i god tid før salstidspunktet.  

 

Oppskyting utanom nyttårsafta

Dersom du ønsker å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsafta, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller skuleball, må du søke politiet om løyve til oppskyting av fyrverkeri. Avgjerda om å gi løyve er eit vedtak som du kan klage på, difor får du brevet skriftleg per post eller e-post. 

 

Politiet stiller som regel desse vilkåra til løyvet

  • Starttidspunktet bør seinast vere klokka 22.45. Det skal vere normal nattero klokka 23.00.
  • Arrangøren skal så langt det let seg gjere kunngjere oppskytinga i nærmiljøet, media (aviser eller radio), slik at ålmenta (dyreeigarar) kan ta sine førehandsreglar.

 

Du må ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri

  • Vêr- og vindtilhøve.
  • Generell brannfare.
  • Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar.
  • Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr.
  • Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.
  • Dersom ikkje fyrverkeriet går av skal du ikkje prøve å tenne det på nytt, men la det stå i minst 20 minutter og så sette det vekk. Blindgjengarar skal leverast tilbake til utsalsstaden.

 

Japanske og kinesiske lykter

Japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med aktsemd når brannfaren er stor.

 

Oppbevaring av fyrverkeri

Fyrverkeri skal oppbevarast tørt og i romtemperatur. Overskot etter nyttårsafta kan ikkje leverast tilbake til utsalsstad dersom det er heilt og kan brukast. Pass då på god lagring til neste sesong.