Melding om skifte av eldstad

Du treng ikkje søke til kommunen om å skifte ut eldstaden din, men for å sikre at feiaren har oversikt over fyringsanlegga er det viktig at du melder endringar. 

Send melding til feiaren om skifte av eldstad

Når du har montert ny eldstad skal du sende ei melding til feiaren. 

 

Meld frå til feiaren om ny montering eller skifte av eldstad (PDF, 65 kB)

 

Feiaren kan gi pålegg om retting

Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er nødvendig.

 

Skorstein

Skal du føre opp ny eller rehabilitere eldre skorstein? Hugs at dette er søknadspliktig.

 

Har du spørsmål

  • Ta kontakt med brannførebyggar (feiar) på tlf. mellom kl. 07.30 - 08.00, eller på e-post. 

 

Forskrift

Forskrift om brannforebygging

Jarle Gjermundstad
Brannsjef og brannførebyggar/feiar
E-post
Mobil 99 21 93 94