Kommunale bustader

Her kan du lese om tildeling av kommunale bustader, kven som kan få tilbodet og kva krav det er til deg som søker. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustader i Høyanger kommune vart vedteke i kommunestyret 15.09.2022. 

Kommunal bustad


Du kan søke om å leige kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffe deg ein egna bustad sjølv. 

 

Kven kan få tilbodet?


Føremålet med kommunale bustader er å hjelpe vanskelegstilte med å kunne busette seg i eigen bustad. Aktuelle målgrupper kan vere:


•    Vanskelegstilte på bustadmarknaden. Med vanskelegstilte er meint personar som ikkje sjølv klarer å skaffe seg eigna bustad. Dette kan skuldast dårleg økonomi, helsemessige eller sosiale utfordringar, lite kunnskap om den norske marknaden eller liknande. 
•    Kommunalt tilsette og andre. 


Krav til søkar: 


•    Søkar må på søknadstidspunktet ha lovleg opphald i Noreg. 
•    Søkar må ha fylt 18 år. Dersom søkar er under 18 år skal tildeling av bustad skje i samarbeid med verge og tenesteapparat.
•    Søkar må ha vore folkeregistrert i Høyanger kommune dei siste 12 månadar. Dette skal dokumenterast med utskrift frå Folkeregisteret. 
•    Søkar må vere utan eigen sjølvstendig bustad, samt dokumentere kva som er gjort for å skaffe seg bustad på den private bustadmarknaden. 
•    Søkar må dokumentere dagens butilhøve, og kva som eventuelt gjer bustaden ueigna. Til dømes om bustaden er helsefarleg. 
•    Søkar må ikkje ha inntekt, formue, eller alternative moglegheiter som gjer søkar i stand til sjølv å skaffe eigna bustad. 


Det vert ikkje stilt krav til butid hos flyktningar som skal busettast for første gong i Høyanger kommune etter avtale mellom staten og Høyanger kommune.

 

Handsaming av søknad:


Søknadar vert handsama av bustadteamet på vegne av kommunedirektør. Vedtak på søknad om kommunal utleigebustad skjer ut frå ei vurdering i bustadteamet og på grunnlag av gjeldande retningslinjer.
 

 

Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad (PDF, 464 kB)

 

Søknadsskjema i PDF   (PDF, 768 kB)

 

Digitalt søknadsskjema kjem om kort tid.

 

 

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til dette.

Randi Norevik
Sekretær drift og vedlikehald
E-post
Telefon 57 71 15 35