Høyring av detaljplan for sanering av K1, K2 og K3 i Høyanger
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut detaljplan for miljø og landskap i samband med sanering av kraftstasjonane K1, K2 og K3 i Høyanger kommune. Planen er no lagt ut til offentleg høyring.
Statkraft Energi AS søkjer NVE om godkjenning av planen, som inneheld ei rekkje tiltak for riving av eldre og utrangerte vassdragsanlegg i Høyanger, inkludert kraftstasjonar, rørgater, trallebanar og tilhøyrande installasjonar. Saneringa skjer som følgje av vilkår i tidlegare gitte konsesjonar og lovverk.
Anleggsarbeida er planlagde å starte sommaren 2026 og vere ferdig vinteren 2027.
Kva ønskjer NVE tilbakemelding på?
- Arealbruk i planlagde tiltak
- Utføring og avbøtande tiltak
- Lokale forhold og ny kunnskap om naturmiljøet
- Konsesjonsspørsmålet er allereie avklart og er ikkje del av denne høyringa.
Les viktige dokument i saka
Sak 2025/1691
Alle som har meininger om saka, kan sende uttalelse på éin av følgende måter:
• via e-post til nve@nve.no
• via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo
Merk med «Høringsuttalelse» og saksnummer 202219796 i emnefeltet.
Oppgi navn og organisasjonsnummer i innledningen hvis du representerer ein interesseorganisasjon/virksomhet
Frist for innspel er 20. september 2025.
Kontakt:
NVE v/ Randi Holme og Silvia Gundersen Kristiansen
Telefon: 22 95 95 95
E-post: nve@nve.no
Publisert 07.08.2025 12.44
Sist endra 07.08.2025 12.45