Kort om saka
Bilete frå rapport Visuell undersøkelse i anleggssonen til omsøkt lokalitet Floteneset
Osland
Vestland fylkeskommune har sendt søknad frå Osland Seafood AS om etablering av akvakulturanlegg på lokalitet Floteneset til kommunal vurdering og offentleg ettersyn.
Lokaliteten på Flotneset har tidlegare vore nytta til forsøksverksemd for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Løyvet gjekk ut i juli 2025, og lokaliteten har sidan ikkje hatt godkjende løyve til drift.
Søknaden vert handsama etter forskrift om tillatelse til akvakultur for laks, ørret og regnbueørret § 8 og forskrift om samordning og tidsfristar i handsaming av akvakultursøknader § 4.
Tiltaket fell inn under vedlegg III i forskrift om konsekvensutredninger (FOR-2017-06-21-854) og skal vurderast etter § 8 i forskrifta. Vestland fylkeskommune har vurdert at tiltaket ikkje vil få vesentlege verknader for miljø eller samfunn etter § 10 i forskrifta.
Tiltaket er i samsvar med gjeldande kommuneplan sin arealdel (KPA).
Det er viktig å merke seg at det er to ulike aktørar som har sendt inn søknad om løyve på same lokalitet. Desse vert handsama kvar for seg.
Sjå viktige dokument i saka
Søknaden med vedlegg kan lesast her
Sei di meining
Høyringsperioden er 6. mars – 7. april 2026.
Alle innkomne merknader vert samla av kommunen og sendt vidare til Vestland fylkeskommune, som er vedtaksmynde i saka.
Slik sender du innspel
Merk saka med saksnummer: 26/466
Send via post eller e-post:
Høyanger kommune
Postboks 159
6991 Høyanger
postmottak@hoyanger.kommune.no
Har du spørsmål?
Kontaktperson hjå søkjar:
Marianne Notøy Bøe
Utviklingsleder
+ 47 92 45 03 26
marianne@osland.no