Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram - kommunedelplan for trafikktryggleik 2026-2029

Høyanger kommune har starta arbeidet med ein ny trafikksikringsplan for perioden 2026–2029. Planen skal bidra til tryggare vegar for alle – både gjennom fysiske tiltak og informasjon og opplæring. For at planen skal bli best mogleg, ønskjer vi innspel frå deg som bur eller ferdast i kommunen.

Har du tankar om trafikktryggleik i ditt nærområde? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Gut på rundt 4 år med sykkelhjelm - Klikk for stort bilete TryggTrafikk

 

 

 

 

 

 

 


Planutvalet gjorde i møte 03.04.2025, sak 003/25, følgande vedtak: 
Planutvalet vedtek oppstart av kommunedelplan for trafikktryggleik 2026-2029.
Planutvalet sluttar seg til framlegg til planprogram utarbeid i samsvar med pbl § 11-12.
Planprogrammet vert med dette sendt til offentleg høyring/ettersyn med frist for å komme med merknadar sett til 6 veker frå kunngjeringsdato jf. pbl § 4-1. 


Kom med innspel til planarbeidet

Innspel frå innbyggjarane vert ein sentral del av den nye trafikksikringsplanen som kommunen no har starta arbeidet med. Alle interesserte vert med dette oppmoda om å kome med innspel til planarbeidet.
Planprogrammet kan lesast her: Planprogram TT Høyanger 2026-29 høyring.pdf (PDF, 10 MB)

Frist for å sende inn merknader til planarbeidet er sett til 20. mai 2025.

Merknader og innspel kan sendast:

Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger. 
Eller via e-post; postmottak@hoyanger.kommune.no 
Merk innspelet med saksnummer 25/189.