
Kommunestyret gjorde i møte 19.06.2025, sak 027/25, følgande vedtak:
“I samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 blir det varsla oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel. Framlegg til planprogram blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §§ 11-13.”
Kva er eit planprogram?
Planprogrammet er ein plan for sjølve planarbeidet. Det er lovpålagt at kommunen skal ha eit slikt program (plan- og bygningslova § 4-1). No vert planprogrammet lagt ut på høyring, og alle interesserte vert oppmoda til å komme med innspel.
Høyringsdokumentet finn du her
I dokumentet kan du lese meir om rammene for planarbeidet, målsetjingane for kommuneplanen, sentrale tema som skal utgreiast (fokusområde), framdriftsplan og korleis medverknad skal organiserast.
Samfunnsdelen
Samfunnsdelen er den overordna delen av kommuneplanen som seier noko om korleis Høyanger skal utvikle seg som samfunn og organisasjon på lang sikt. Den handlar om kva kommunen vil satse på, og gir retning for politiske prioriteringar og tenesteutvikling.
Vil du sjå kva som gjeld i dag? Da kan du kan lese den noverande samfunnsdelen av kommuneplanen her.
Sei di meining!
Dette er ein plan som skal leggje føringar for utviklinga i kommunen dei kommande åra og no inviterer vi deg som innbyggjar, næringsdrivande eller organisasjon til å kome med innspel.
Du kan sende dine innspel til planprogrammet på e-post til: postmottak@hoyanger.kommune.no,
eller per post til:
Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger.
Høyringsfrist: 22.08.2025
Revidert versjon av kommuneplanen sin samfunnsdel vert lagt ut på ny høyring seinare.