Høyangerhallen

Høyangerhallen vert utvida med eit tilbygg som skal innehalde treningssenter, garderobar og klubblokale for IL Høyang.

Kontraktsarbeidet ved Høyangerhallen om å lage eit tilbygg som skal romme eit treningsenter tok til i april 2022. Det er Tharaso AS som er hovudentreprenør og dei har med seg Caverion på elektro, rør og ventilasjon. Prosjektet starta opp då Høyanger Treningssenter spurte Høyanger kommune om eit eigna lokale for sin aktivitet. Dei hadde vakse ut av sine lokaler og ønska betre tilrettelagte lokaler for sin aktivitet med rom til styrketrening, aerobic og spinning. Det er inngått ei 25 år lang leigeavtale på lokala mellom partane.

Samstundes får IL Høyang eit lenge etterlengta klubbrom der ein kan ha møter og spelarsamlingar. Aerobicsalen som ligg i det gamle tilfluktsrommet kan også nyttast av IL Høyang/andre, medan styrkerom/spinningsal vil vere ei betalingsteneste frå Høyanger Treningssenter. Tilbygget tek no form, og vi gler oss til opninga. 

Arbeidet skal vere ferdig innan utgangen av 2022.