Kyss og køyr sone

I Willhelm Bugges veg langs Høyanger skule er det oppretta ei såkalla Kyss og køyr-sone. Begrepet er fornorska frå det engelske Kiss n' ride, og syner til eit område der du ved kort stans kan ha av -og påstigning, og at ein ikkje skal stå der meir enn den tida det tek å ta ut bagasje og sei farvel.

Det er komen ei rundkøyring der det tidlegare var ein bom, så køyremønsteret er endra. Dette kan du sjå i filmen under. Det er også gjort ei visuell tydleggjering av sonene for køyrande og mjuke trafikkantar ved rutebilstasjon, og forbetring for bussar og passasjerar.

Opparbeiding av vestre del av Willhelm Bugges veg langs SFO, rundkøyring og parkeringsplass vart ferdig til skulestart 2022. Arbeidet med uteområdet rundt rutebilstasjonen er starta og venta ferdig til våren 2023. Det er samstundes i gang planlegging av oppussing og eventuelt ombygging av rutebilstasjonen sitt bygg, slik at det vert i tråd med Skyss sine retningslinjer for utforming og merkevare.

Informasjonsfilm om køyremønster i Willhelm Bugges veg