Uteområdet ved idrettsanlegget

Uteområdet ved sentralidrettsanlegget i Høyanger omfattar grasbane, kunstgrasbane, Holmen, Tuftepark, sandvolleyballbane og rundt Høyangerbadet. Dette området er under planlegging for ei framtidsretta utbetring av aktivitetar og tilgjenge.

Høyanger kommune har engasjert Norconsult for å lage ei skisse av området med endra bruk som skal balansere ønsker og krav for ny og betre bruk av området.

Interesseorganisasjoner har vore spesielt inviterte til møter med Høyanger kommune for å diskutere dagens utfordringar og moglege løysingar på dette. Det vart også halde eit ope møte 5. september 2022 der dei oppmøtte fekk høyre Norconsult sine erfaringar på liknande prosjekt og deira spanande tankar om moglegheiter for Høyanger. i denne workshopen (arbeidsverkstad) fekk ein også delta aktivt i å teikne det ein meinte var gode løysingar.

I etterkant av dette har Norconsult saman med Høyanger kommune utarbeidd ei skisse som er tema for neste ope møte. Dette møtet finn stad på same plass som sist - i aulaen på Høyanger skule, onsdag 11. januar 2023 kl. 18.00. Vi er framleis i idefasen. Sjå bilda under for skisser og framdriftsplan.