Besøk av studentar frå Høgskulen i Vestland

Onsdag 6. mars fekk Høyanger kommune besøk av 41 studentar  frå Høgskulen i Vestland, avdeling Sogndal. 

Dette var studentar frå studieretningane Landskapsplanlegging og Fornybar energi, som saman tek faget Landskapsinngrep.

Studentane fekk plass i kommunestyresalen og møtte ordførar Petter Sortland, einingsleiar for plan, prosjekt og forvaltning Synne Vefring og arealplanleggar Janne Kristin Bøyum. 

Dei fekk ei innføring av ordføraren i korleis det til tider kan vere særs krevjande for ordførar og andre politikarar å ta stilling til saker som krev store landskapsinngrep. Det er fleire interesser som skal ivaretakast, fleire som skal høyrast og mykje informasjon og dokumentasjon som ligg ved. Snøheia vart brukt som døme på komplisert sak.

Ellers fekk studentane presentert litt om korleis planprosessar føregår i det offentlege og om den kommande nye arealdelen til kommuneplanen vår.  Det var ein kjekk gjeng som stilte fleire gode spørsmål!

Vi hadde lunsj saman og tok ei synfaring i Dalen, der dei fekk sjå landskapsinngrep i praksis ved etablering av ny kraftstasjon, transformatorar, høgspentlinjer og anleggsvegar.

Nokre studentar sikra seg gode oversiktsbileter til oppgåva dei skal til med ved å ta turen opp nokre hundre trappetrinn! 

Vi ønsker dei lukke til med vidare studier, og ønsker dei velkommen tilbake ved seinare høve!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete