Busetting av flyktningar

Høyanger kommune har sidan juni teke imot 19 flyktningar. Dei nye innbyggjarane er i frå Syria og Ukraina, og er alle busette i tettstaden. Vi ventar også å busette fleire i løpet av hausten. 

 

Busetting og integrering

Integreringstenesta jobbar med busetting, introduksjonsprogram, integreringstiltak, samt hjelp og støtte i kvardagen. Vi samarbeider med fleire tenester i kommunen, og har eit fast møtepunkt annakvar veke. Ettersom Høyanger kommune ikkje har busett flyktningar dei siste åra, jobbar vi parallelt med å bygge opp ei teneste som skal kunne gi flyktningane eit godt tilbod. 

Utanom å inkludere i dei eksisterande fritidstilboda, blir det jobba med konkrete integreringstiltak. Først ut var kafé i samband med Tryggleiksveka. Tiltaket er eit samarbeid mellom integreringstenesta, kulturavdelinga og frivilligkoordinator. Eit konsept vi håpar kan spinne vidare til å bli eit fast tilbod. I tillegg har vi byvandring som eit aktivitetstiltak, og til det får vi hjelp frå ein frivillig. 

 

Bustader

Alle nykomne flyktningar er busette i kommunale husvære. Vi har tidlegare gjort ei uforpliktande kartlegging av ledige private husvære, men hittil har det vore tilstrekkeleg å nytte kommunen sine eigne bustader. Kommunen kan få behov for å leige bustader til dette føremålet seinare. 

 

Frivillig innsats 

Integreringstenesta samarbeider med kommunen sin frivilligkoordinator. Det blir jobba aktivt med integreringstiltak,  og dei nye innbyggjarane har vore inkludert i prosessen. Vi har kontakt med frivillige lag og organisasjonar, og det vert laga ei oversikt over ulike aktørar. 

Vi blir kontakta av privatpersonar som ønskjer å donere klede og utstyr, men integreringstenesta og frivilligkoordinator har ikkje kapasitet til å drive innsamling, sortere og oppbevare. Vi har oversikt over behov, og kanskje er dette noko du kan hjelpe med?

Ta gjerne kontakt med frivilligkoordinator, Rønnaug Meek, tlf.nr.: 99 32 13 22, eller e-post: ronnaug.meek@hoyanger.kommune.no. 

 

Introduksjonsprogram

Personar i alderen 18 til 55 år deltek i introduksjonsprogram. Innhaldet i programmet er norskopplæring, språkpraksis, kurs i livsmeistring og foreldrerettleiing. Deltakarane skal også gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing.  Programmet vert tilpassa den einskilde sitt behov. Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande ferdigheiter i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning. 

Her finn du meir om busetting, introduksjonsprogram og kontaktinformasjon til integreringstenesta