Det største bilshowet i Høyanger nokon gong!

Søndag 14. september kl. 11:00–12:00 får Høyanger sentrum besøk av Eurorally.  Arrangementet er ein del av eit større rally som går gjennom fleire stadar i Europa.  Heile Høyanger sentrum blir fylt med 100 sportsbilar frå heile Norden og Europa.

Bilde av bilar, folkemengde, og lilla røyk - Klikk for stort bilete Eurorally

Vi stenger heile sentrumsgata og torget for trafikk, slik at du kan kome tett på bilane og oppleve lyden, lukta og synet av ekte bilglede. Dette blir eit show du ikkje vil gå glipp av. 

Sjå korleis det såg ut då Eurorally starta i Bergen i fjor




 

Praktisk info

Stad: Høyanger sentrum 
Tid: Søndag 14. september kl. 11:00–12:00
Pris: Gratis inngang

Viktig trafikk- og parkeringsinformasjon: 

For å sikre plass og tryggleik for arrangementet blir det trafikkendringar:

  • Heile sentrum stengd for køyretøy frå morgonen 14. september.
  • Offentlege parkeringsplassar i sentrum blir stengde frå kvelden før (Laurdag 13. september).
  • Det er parkeringsforbod i sentrumsgatene frå kvelden før. Dette gjeld både Marcus Thranes gate, Storgata og Hans Hygens gate.
  • Bruk parkeringsplassar andre stadar i tettstaden, til dømes Høyanger skule, vidaregåande skule og Hjetland.
     

Dette blir ein unik sjanse til å oppleve bilar du sjeldan ser på nært hald, ta med familien, venner eller naboen og bli med!
 

Illustrasjon som viser løypa - Klikk for stort bilete Eurorally