Du er ein del av Norges beredskap

Bilete av beredskapslager.

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 31. oktober starta ei landsdekkjande kampanjeveke om eigenberedskap i regi av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Målet med Eigenberedskapsveka 2022, som blir gjennomført 31. oktober – 6. november, er å gjere oss betre rusta til å stå imot kriser. Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn.

Råd om eigenberedskap, norsk 
You can read obout advice on prepering for emergencies in other languages on DSB webpage here.

Brosjyrer med råd om eigenberedskap kan også hentast i resepsjonen på rådhuset.