Feiing og tilsyn av fritidsbustader i kommunen

Person kledd i svart feiaruniform med ski på beina i eit vinterlandskap - Klikk for stort bilete

Høyanger kommune startar hausten 2022 opp arbeidet med feiing og tilsyn av fritidsbustader i kommunen.

Dette arbeidet er i tråd med nye nasjonale forskrifter og den lokale forskrifta som gjeld for Høyanger.

Feiing og tilsyn av hytter vert innført for å redusere brannrisiko, og for å hjelpe deg å sikre at eigedomen din er så brannsikker som mogleg. 

Det er kommunen som fastset gebyret for feiing og tilsyn. Gebyret vert krevd inn årleg, men feiing vil skje etter behov. Sidan vi først startar opp i haust, så er det mange som ikkje får besøk av feiaren før i 2023.

Gebyret for feiing og tilsyn av fritidsbustader er for 2022 sett til kr. 414, men det vert i år berre fakturert for andre halvår, dvs kr 207 eks. mva.  pr. fritidsbustad.

Lokal forskrift om feiing i Høyanger kommune (PDF, 73 kB)

Forskrift om brannforebygging