Høyanger kommune innmeldt i Robek

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete

Statsforvaltaren i Vestland har meldt Høyanger kommune inn i Robek (register for betinga godkjenning og kontroll).

Kommunestyret vedtok i sak 032/23 eit rekneskap for 2022 med eit meirforbruk på kr 31,9 mill. kroner, noko som utgjer seks prosent av driftsinntektene. Etter kommunelova § 28-1, bokstav d, skal kommunar med eit oppsamla underskot frå driftsrekneskapen som er større enn tre prosent av driftsinntektene meldast inn i Robek.

I budsjettet for 2023 vart det sett av 49,7 millionar til å dekke meirforbruket. 

Kommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtaler. Kommunen skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.  

Her finn du meir informasjon om innmeldinga.