Høyanger kommune sin kulturpris for 2023 er tildelt Kyrkjebø Hagelag

Kulturprisen 2023 er tildelt Kyrkjebø Hagelag. Prisen vart utdelt på ei markering torsdag 14. desember 2023 på Øren Hotel. 

kulturprisvinnar saman med ordførar, utvalsleiar og kommunedirektør - Klikk for stort bilete

Utval for samfunn gjorde i møte 13.11.2023 vedtak om at kulturprisen 2023 vert tildelt Kyrkjebø Hagelag.

Grunngjeving:

Kyrkjebø Hagelag har i godt over 30 år vore ein pådrivar og positiv bidragsytar til beste for innbyggjarane på Kyrkjebø. Laget er tilslutta Det norske hageselskap, som er ein landsomfattande, ideell kultur- og miljøorganisasjon som jobbar for å fremje hageglede, berekraftig hagekultur og landskapspleie.

Heilt sidan oppstarten i 1986 har hagelaget vist eit stort og sterkt lokalt engasjement for å skape trivsel i nærmiljøet på Kyrkjebø. Medlemene i laget legg ned eit omfattande arbeid for å halde området ved nærbutikken, ved busshaldeplassen og området rundt reint og fint til ei kvar tid.

Parkanlegget ved butikken og busshaldeplassen ved Haaland på Kyrkjebø opna i 2006, og er ei pryd for auget også for alle som køyrer forbi. Anlegget inneheld mange ulike rhododendronplanter som Ingvald Austreim i si tid planta. I tillegg er det etablert rosebed og mange andre stauder og plantar i området. Her er det sitjegrupper, kvernhus og eit steinsett elveleie. Alt til glede for alle besøkande og forbipasserande. Dette er blitt ein viktig samlingsplass for folk i bygda, og er også ein del av tusenårsstaden med m.a. minnesteinen over Andreas B. Vamraak.

Ja, til og med eit kinesisk duetre, eller lommetørkletre som ein kallar det, stod for ikkje lenge sidan i full blomst i parkanlegget her. Treet er eit sjeldan syn i Norge, og blomstringa, som kun varer i ca. 10 dagar,  startar ikkje før treet når moden alder, etter rundt 30 år.

Kyrkjebø Hagelag hadde i fjor over 200 dugnadstimar. Det vart m.a. rydda sti opp til rhododendronhagen på Austreim, som eigentleg ikkje er ein del av laget sitt parkområde. Der fekk ein rydda og saga ned gamle plantar, i tillegg vart graset slått og området rydda til glede for dei mange besøkande. Alt dette i tillegg til luking, grasklipping og anna rydding i parkområdet ved butikken gjennom sesongen.
Ein stor pådrivar i alt dette arbeidet er leiaren i laget Norunn Holsen Hoff. Ho er ei eldsjel som legg ned mykje arbeid for at området skal sjå flott og presentabelt ut. Det er ikkje berre dei nemnde områda ho er ein pådrivar for. Fleire gonger om sommaren slår ho også alle graskantar frå skulen og inn i byggefeltet, i tillegg til luking av bed og rydding av skog rundt omkring. Mykje av dette gjer ho i lag med ektemaken Frode Hoff, og dei brukar mykje tid også utanom hagelaget til å stelle desse områda.

Parkanlegget på Kyrkjebø treng heile tida stell og fornying, og med den innsatsen hagelaget gjer gjennom heile sesongen, er ein sikker på at området også i åra som kjem vil vere ein pryd for auget både for nærmiljøet på Kyrkjebø og forbipasserande. Kyrkjebø Hagelag er ein verdig vinnar av Kulturprisen 2023.