No kan du sjølv velge fakturaterminar på kommunale eigedomsgebyr

Høyanger kommune kan no tilby fleksibel fakturering  på kommunale eigedomsgebyr. Tidlegare har alle blitt fakturert to gonger i året, med forfall i april og oktober.

No kan du sjølv velge mellom følgande:

•    månadleg faktura
•    6 fakturaer i året med forfall januar, mars, mai, juli, september og november
•    to fakturaer i året med forfall april og oktober

Om du ikkje gjer noko vil du som før få to fakturaer i året, med forfall i april og oktober. Endringa vil bli registrert i systemet fortløpande, men det vil variere når det nye fakturaintervallet vil tre i kraft: 

Døme: 
•    Endrar du intervall januar, får du månadleg faktura frå februar. 
•    Endrar du  intervall i februar eller mars, får du månadlege faktura frå april. 
•    Endrar du intervall i juni, får du månadlege faktura frå juli. 
•    Endrar du intervall i november, får du månadlege frå januar.

Slik endrar du:

Du kan endre sjølv ved å fylle ut påmeldingsskjema , eller du kontaktar kommunen på telefon 57 71 15 00 eller e-post postmottak@hoyanger.kommune.no 


Viktig informasjon ved månadlege faktura

  • Eigedomsskatten skal skrivast ut før 1. mars. Eventuelle nytakseringar eller endringar, vil ikkje komme med før faktura for mars.
  • For abonnentar med vassmålar, vil fakturaen for januar og februar berre innehalde faste avgifter. Etter avlesen vassmålar, vert det berekna riktig avgift etter forbruk som vert med frå mars av. Det betyr at fakturaen i mars har vassmålar oppgjer for 2022, i tillegg til akonto (forskotsbetaling av forventa forbruk av vatn/kloakk i 2023) for januar, februar og mars. 
  • Avgiftene vert fordel ut over dei faktura som står att i kalenderåret.
  •  Når du har gjort avtale om månadlege fakturering, er det ikkje nødvendig å fornye denne. Avtalen går til den vert sagt opp. 
  • Ved overdraging av eigedom vert det brukt standard fakturaintervall, 2 gonger i året.

 
 

Randi Norevik
Sekretær drift og vedlikehald
E-post
Telefon 57 71 15 35