Ny kartportal gir innsyn i drikkevasskvaliteten i Høyanger kommune

No blir det enklare for innbyggjarane i Høyanger kommune å finne informasjon om kvaliteten på drikkevatnet. Gjennom ein ny kartportal kan du sjå analyseresultat frå drikkevassprøvar som kommunen tek.

Høyanger kommune har teke i bruk ein ny kartportal som gir innbyggjarane enkel tilgang til analyseresultat frå drikkevassprøver. Målet er å gjere informasjon om drikkevasskvaliteten meir oversiktleg og lett tilgjengeleg.

Kommunen tek jamleg prøvar av drikkevatnet for å kontrollere at vasskvaliteten oppfyller gjeldande krav.

Enkel tilgang til informasjon

I den nye kartportalen kan du enkelt finne analyseresultat frå drikkevassprøver i kommunen. Resultata er samla i ei kartløysing med mål om å gjere informasjonen meir oversiktleg og lett tilgjengeleg.

Løysinga er ein del av kommunen sitt arbeid for openheit og god informasjon om dei kommunale vassforsyningane.

Den nye kartportalen er tilgjengeleg på Høyanger kommune si heimeside under Drikkevatn og vassverk. 
 

Skjermdump av den nye kartportalen - Klikk for stort bilete Høyanger kommune / skjermdump

Historiske data og analyseresultat for vassverka vil framleis vere tilgjengeleg via poslista. 

Har du spørsmål om drikkevasskvaliteten eller informasjonen i kartportalen, kan du ta kontakt med Høyanger kommune.