Oppheva drikkeforbod på Kyrkjebø

Høyanger kommune opphevar drikkeforbodet for abonnentar tilknytt Kyrkjebø vassverk frå og med 16.09.2026. Vatnet kan frå dette tidspunktet nyttast som normalt.

bilete av nokon som skjenker seg eit glas med vatn frå springen - Klikk for stort bilete Illustrasjon av Høyanger kommune

Drikkeforbodet vart innført 18. juni etter ei vurdering av mogleg helserisiko knytt til forhøga verdiar av aluminium i drikkevatnet. Kommunen har oppretthalde drikkeforbodet fram til at vassbehandlinga har vore stabil over tid.

Sidan 18. juni har kommunen, saman med ekstern fagkompetanse, gjennomført ei rekkje tiltak ved vassverket. Vassbehandlinga og overvakinga er forbetra, og rutinar for prøvetaking, internkontroll og handtering av kvalitetsavvik er styrkte. Prøveresultat er tilgjengeleg her.

På bakgrunn av gjennomførte tiltak og prøveresultata vurderer kommunen at grunnlaget for drikkeforbodet ikkje lenger er til stades.

Vassverket vil bli følgt tett framover. Revidert aksjonsplan sikrar rask oppfølging, nye prøver og nødvendige tiltak dersom aluminium eller andre kjemiske parameter igjen kjem over tiltaksgrensene.

Kommunen vil halde fram arbeidet med å styrkje drift, kompetanse og internkontroll ved vassverka.