Resultat frå innbyggjarundersøkinga

No kan du sjå resultata frå innbyggarundersøkinga som vart gjennomført i vår. 

Tekst på bilete kjem fram av artikkel - Klikk for stort bilete Høyanger kommune

I samband med arbeidet med planprogram og ny samfunnsdel til kommuneplanen, gjennomførte Høyanger kommune ei innbyggjarundersøking. 
SMS-varsling vart brukt for å få flest mogleg til å svare. Det vart sendt ut 3270 SMS-ar. Totalt fekk vi inn 605 svar, som gir ein svarprosent på 18,45 %.


 




Undersøkinga er ikkje meint å gi ein fullstendig eller objektiv fasit, men å fange opp tendensar, oppfatningar og inntrykk blant innbyggjarane våre. Undersøkinga gav oss nyttige innspel om korleis folk opplever kommunen i dag og kva dei meiner bør satsast på i framtida. Svara vil bli brukt som del av kunnskapsgrunnlaget i planarbeidet framover. 

Tusen takk til alle som deltok!


Lenke til resultat 
 

Resultat innbyggarundersøking  (PDF, 890 kB)


Hugs høyringsfristen 22.08.2025

Vi minner om at det er mogleg å kome med innspel til planarbeid med samfunnsdelen og planprogrammet som no er ute på høyring.