Statens vegvesen skal ta ned ei steinblokk i fjellsida på E39 i Avenbukta 25.06.25 og vegen vil derfor verte stengt nokre timar på kveld/natt.
Statens vegvesen vil koordinere stengetidene med arbeidet som foregår i Bogstunnelen.
Vegen blir stengt når siste kolonne frå Vadheim har passert rundt kl. 23.00, og Statens vegvesen vil opne for gjennomkøyring slik at trafikken rekk kolonna som går 02.00 i Bogstunnelen.
Om alt går som det skal, er det ikkje behov for lengre stenging enn det som er skissert over. Men det er ein liten restrisiko for at vegen kan ta skade av dette, og at det då er naudsynt med lengre stenging. Om det vert tilfelle, varslar Statens vegvesen ut fortløpande.
Det vil bli lagt ut vegmelding på 175.no.
Publisert 23.06.2025 14.52
Sist endra 23.06.2025 14.53