Stor skogbrannfare i Høyanger kommune – oransje nivå

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om stor skogbrannfare (oransje nivå) for Sogn og Fjordane, inkludert Høyanger kommune. Farenivået gjeld i snøfrie område og vil vere gjeldande fram til det kjem nedbør av betydning.

Bilete av skogbrann - Klikk for stort bilete Høyanger kommune

























Konsekvensar

Vegetasjonen er svært tørr og kan lett ta fyr. Ein eventuell brann kan spreie seg raskt og omfatte store område.

 

Råd til innbyggjarar og besøkande

  • Ikkje bruk open eld i eller i nærleiken av skog og utmark.
  • Ver varsam med grilling, bålpanner og liknande aktivitetar som kan føre til brann.
  • Følg alltid instruksjonar frå lokale myndigheiter og brannvesenet.

 

Vi oppmodar alle om å vere ekstra aktsame i denne perioden. Saman kan vi bidra til å hindre brannar og verne både natur og lokalsamfunn.

 

Varsel frå Meteorologisk Institutt for Sogn og Fjordane