
Du kan stemme innanlands frå tysdag 1. juli til og med fredag 8. august 2025, dersom du er hindra frå å stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden, og heller ikkje kan stemme på valdagen.
I Høyanger kommune kan du avgje tidlegstemme i Høyanger rådhus. Du må ringe 57711500 og avtale tidspunkt, før du kjem.
Du kan tidlegstemme i alle kommunar i landet. Stemmegjevinga di vert sendt til den kommunen der du er manntalsført.
Hugs gyldig legitimasjon!
Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjent for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.
Publisert 30.06.2025 15.23
Sist endra 30.06.2025 15.26