Tilsetting kommunalsjef Samfunn

Illustrasjon frå planarbeid - Klikk for stort bilete

Kommunedirektøren har tilsett Jan Kaare Hellevang i stillinga som kommunalsjef Samfunn.

Hellevang har tatt imot stillinga og vil starte i april 2023. Hellevang kjem frå stilling som dagleg leiar i selskapet CrediCare og er utdanna bedriftsøkonom frå BI. Han har også befalsutdanning frå Forsvaret. 
Jan Kaare Hellevang har mykje erfaring med leiing, noko som er nyttig når vi no skal bygge eit nytt kommunalområde i kommunen. Vi gler oss til Jan Kaare Hellevang kan starte arbeidet saman med dyktige medarbeidarar i Høyanger kommune.